PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Program

 

Tysdag 30. august

Tema          Samliv i moden alder     

Førelesar    Frode Thuen      

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00 -13.00

 

Frode Thuen er psykolog og professor ved Høgskolen i Bergen.

Samliv og familieliv kan gje store gleder, men òg store utfordringar. I dette føredraget trekkjer han fram nokre av de mest typiske utfordringane me står overfor i moden alder; kva desse utfordringane kan føre med seg for den enkelte og familien som heilskap, og ikkje minst; korleis me kan handsama våre utfordringar på best mogleg vis.

 

Tysdag 6. september

Tema            Janusfabrikken, fortid, notid, framtid.

Førelesar    Janne Vangen Solheim  

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

 

Janne Vangen Solheim er styreleiar ved Janusfabrikken AS,
og har site i styret sidan 1992. Ho er i dag konsernsjef og største eigar i konsernet.
Ho starta si karriere i Janus systemet som ryddehjelp i butikken, og har gått gradene i selskapet.
Utdanninga si har ho frå Kjøpmannsinstituttets Høyskole og førskolelærar frå Bergen Lærerhøgskole.
I 2015 vart ho utnemnt til goodwillambassadør i UNIDO, FN sin organisasjon for industriutvikling.
På hennar dagsorden står kvinnelig entreprenørskap og bærekraftig industriproduksjon.
I tillegg har ho fleire andre styreverv, m.a. i NHO og Norsk Industri.

 

 

Tysdag 4. oktober

Tema          Vaksiner- en forbannet velsignelse

Førelesar    Bjarne Bjorvatn

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00 -13.00

 

Bjarne Bjorvatn vart utdanna som lege v. Lunds Universitet, dr.med. v. Karolinska Institutet i Stockholm og har hatt fleire tunge oppdrag innan helsevern frå den svenske regjeringa.

I 1979 vart han utnemnd til professor i medisin i Tromsø.

Han har gjort ein stor innsats innan utviklinga av vaksinar og førebyggande helsevern, m.a. etter oppdrag frå WHO og Europakommisjonen, og han har fått mange godord for dette arbeidet. Han har og markert seg som ein kulturhistorisk engasjert deltakar, m.a. innan bygningsvern, og han har fått prisar for dette arbeidet.

 

Tysdag 1. november  
                        

Tema          Har pensjonistane det for godt?

Førelesar     Victor Norman  

Møtestad     Ljoshall               Tid       11.00-13.00

 

Victor Norman er samfunnsøkonom og har sidan 1975 vore forskar og professor ved
Norges Handelshøyskole(NHH). Norman var rektor ved NHH frå 1999-2001.                                  
Han var arbeids- og administrasjonsminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering frå 2001-2004, og vart i vald inn i Bergen bystyre i 2011.

Norman er ein populær foredragshaldar og er engasjert debattant i fleire viktige  samfunnsspørsmål, mellom anna pensjonistane.

Victor Norman vart i 1991 æresdoktor ved Handelshøyskolen i Stockholm. I 2009 vart han tildelt Fridtjof Nansens belønning til fremragende forskere, og han har sidan 1994 vore medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

 

Tysdag 6. desember

Tema          Bergens Tidende i 150 år          

Førelesar    Gudmund Skjeldal         

Møtestad     Ljoshall    Tid       11.00-13.00

 

Gudmund Skjeldal er fødd på Voss og var ein kjend langrennsløpar på 90-talet. Han er utdanna lærar og er i tillegg forfattar, litteraturanmeldar, idèhistorikar og journalist.
Han er bokansvarleg i Bergens Tidende og har også skrive for Morgenbladet.
Han har gitt ut biografi om Nordahl Grieg og har i tillegg skrive bøker om blant anna olje og gass, idrett og miljø.



Vel møtt på møteplassen for tanke og trivnad!