Trivselsreiser

Arna Frivilligsentral arrangerer trivselsreiser fleire gongar i året.

Aldersgruppe: For alle

Arna Frivilligsentral har i ei årrekkje arrangert trivselsreiser til varmare strøk i samarbeid med Vital Reiser https://vitalreiser.no/ og andre.
Me har og arrangert bussturar i Noreg.

På turane våre har me fokus på det sosiale og i tillegg til turleiarar frå reiseselskapa har me med våre eigne frivillige reiseleiarar.
For å delta på turane er det i hovudsak slik at ein må kunna ta vare på seg sjølv. I nokre tilfelle kan me finna frivillige som kan vere med som assistent for reisande som treng hjelp. Då mot ein kostnad.

Som eit eksempel kan ei reise til eksempelvis Kypros eller Lanzarote vere om lag som dette:
Felles avreise i buss frå Arna til Flesland
Flyreise med måltid
Busstransfer på reisemål
Opphald og halvpensjon (2 veker) på hotell
2 utfluktar inkl. lunsj

På destinasjonen legg me opp til felles middag kvar dag + program som til dømes:
rusletur på morgonen
Boccia
sosialt samver (BINGO, quiz, allsang osb) på ettermiddag / kveld
felles (gå)turar til parkar og liknande i nærområdet
I tillegg arrangerar reisesselskapet sine reiseleiarar daglege aktivitetar.

Kontakt oss for info om turane.


2025 © Arna Frivilligsentral