Tysdag 5. mars Årsmøte med føredrag
Tema Ut på storhavet med S/Y Emma
Forelesarar Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik
Møtestad Ljoshall Tid 11.00 -13.30
I byrjinga av august 2014 segla Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik ut frå Bergen hamn med kurs for Atlanterhavet, Karibia og USA. To år og 16000 nautiske mil seinare gjekk dei i land i Indre Arna. Etter årsmøtet vil Kristine og Kjell Arne ta oss med på denne vågale «eventyrseglasen». Kva fekk desse to ungdommane til å reisa frå trygge Arna og dra til havs? Kva var drivkrafta? Kristine er utdanna vernepleiar og arbeider i dag i Haraldsplass barnevern. Kjell Arne er utdanna journalist og jobbar for tida som frilansar i Bergen. Me ser fram til å vera med på denne spanande seglasen.