Tirsdag 5 Mars 2019
Kl. 11:00 - 13:30, Ljoshall
Arna Senioruniversitet
Årsmøte med foredrag i Arna Senioruniversitet

Tysdag 5. mars           Årsmøte med føredrag

Tema                            Ut på storhavet med S/Y Emma

Forelesarar                 Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik

Møtestad                   Ljoshall                       Tid       11.00 -13.30

I byrjinga av august 2014 segla Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik ut frå Bergen hamn med kurs for Atlanterhavet, Karibia og USA. To år og 16000 nautiske mil seinare gjekk dei i land i Indre Arna. Etter årsmøtet vil Kristine og Kjell Arne ta oss med på denne vågale «eventyrseglasen». Kva fekk desse to ungdommane til å reisa frå trygge Arna og dra til havs? Kva var drivkrafta? Kristine er utdanna vernepleiar og arbeider i dag i Haraldsplass barnevern. Kjell Arne er utdanna journalist og jobbar for tida som frilansar i Bergen. Me ser fram til å vera med på denne spanande seglasen.

Flere kalenderoppføringer
2024 © Arna Frivilligsentral