Torsdag 8 Oktober 2020
Kl. 11:00 - 13:00, Peter Jebsens veg 19
Datakafe
Datakafe for seniorer

Velkommen på datakafé i Arna Frivilligsentral torsdagar🙂
Alle er velkomne, men grunna smitteverntiltaka er fint om me får ei påmelding seinast onsdag kl. 15.
Kontakt: monica.nesse@arna.frivilligsentral.no / 55 24 38 10

Frivilligsentralen / Seniornett Arna har eit tilbod for deg som er, eller trur du kan verta, interessert i data eller duppedittar. Me har eit fast datatreff i lokala våre på torsdagar klokka 11-13. Innimellom håpar me å kunna ha temadagar og / eller invitera gjeste-føredragshaldarar til datakaféen.
Me kan, saman med nokre frivillige, hjelpa med enkle tekniske spørsmål eller rettleia i bruk av til dømes internett, Facebook, Youtube, nettbank, e-post og tekstprogram. Ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon, så kan du kople deg til trådlaust internett her (hugs straumadaptar).
Det vert servert kaffi/te og noko attåt.
Pris:
kr. 30 om ein er medlem i Seniornett
kr. 50 om ein ikkje er medlem

Velkommen på Datakafé
https://www.facebook.com/SeniornettNorge/videos/563613290918976/

Flere kalenderoppføringer
2024 © Arna Frivilligsentral