-
Data for Seniorer
Arna Frivilligsentral har i, samarbeid med Seniornett Norge, dataopplæring for seniorer. Dette er ein svært populær aktivitet, og då i hovudsak i form av datakafeen vår.
Sjåfør til Arna Frivilligsentral sin bil
Til hausten har me behov for ein til sjåfør på bilen vår. Bilen er ein Mercedes Sprinter som har plass til 8 passasjerar og kan køyrast med vanleg førarkort, klasse B. Den er parkert i Lakslia 21, ved Kyrkjelydshuset i Indre Arna.Aldersgruppe: Fra 18 år
Frå hausten treng me ein sjåfør for eitt av våre faste oppdrag.
Me har allereie fleire sjåførar som delar på oppgåva, men det er ønskjeleg med ein person til på laget.
Det me treng er ein sjåfør som kan gå inn i oppgåva med å hente og bringe køyre heimebuande i Ytre Arna til butikken annankvar fredag.
Oppdraget med handlekøyring i Ytre Arna startar med at ein hentar bilen i Indre Arna ca kl. 10:15, køyrer vidare til Ytre Arna og tar med dei som skal handle. Ein annan frivillig er med for å hjelpa. Ein gong i månaden handlar me på Prix i Ytre Arna og ein gong i månaden går turen til Øyrane torg. Etter handlinga er det retur til dei einskide heimane med varer og passasjerar og bilen parkerast i Lakslia.
Liste over kven som skal vere med får ein på førehand og ein er som regel ferdig i 12-tida.
Meld di interesse her på sida, ta kontakt med Monica på telefon 55 24 38 10 (måndag til torsdag kl 10-15) eller send ein epost til monica.nesse@arna.frivilligsentral.no
Spør gjerne om du lurar på noko
Del på:
-
Natteravn
Din innsats gjør en forskjell! Arna Frivilligsentral organiserer natteravningen i Arna bydel i samarbeid med FAU ved Garnes Ungdomsskule.
-
Oppstartsmøte for sesongens natteravning tysdag 8. april kl. 18:00 hos Arna Frivilligsentral
Agenda på møtet blir å fastsette tidspunkt og lengde på vakter, gjennomgang av regelverk, bidrag til russefeiringa, søknad om midlar til tiltak for unge i Arna og spørsmål-svar. Har de saker de vil ta opp, er det berre å melde frå eller ta med til møtet. Ta gjerne med venner og kjente, som er nyskjerrige på ordninga med natteravn. Enkel servering med kaffi, te og saft.
-
Trivselsreiser
Arna Frivilligsentral arrangerer trivselsreiser fleire gongar i året.
-
Turgruppe
Aktiv til 100 i Arna