Det vert både 🧶 Strikketreff 🧶 & ☕💻📱 Datakafé på Frivilligsentralen i heile juli!

📍 Øyrane Torg, 3. etasje. Du finn oss der legekontoret var tidlegare (enklast å ta tråppa eller heisen vis a vis Zavanna i 1. etg. eller Sparebanken Norge i 2. etg., så første korridor til høgre og første dør på høgre side)

Aldersgruppe: For alle

Strikketreff – måndagane 29/6, 6/7, 13/7, 20/7 og 27/7, kl. 11–13:30
Strikk, prat og godt selskap 🧶Ingen påmelding – berre møt opp!

Datakafé (Arna Frivilligsentral / Seniornett Arna) – tysdagane 30/6, 7/7, 14/7, 21/7 og 28/7 kl. 11–13
Få hjelp med internett, Facebook, YouTube, nettbank, e-post, KI/AI og meir. Ta med mobil, nettbrett eller PC – berre kom!
Kaffi/te og noko attåt vert servert.
Pris: kr 30 (Seniornett-medlem) / kr 50 (andre)

Illustrasjonar laga med kunstig intelligens
2026 © Arna Frivilligsentral