Data for Seniorer

Arna Frivilligsentral har i, samarbeid med Seniornett Norge, dataopplæring for seniorer. Dette er ein svært populær aktivitet, og då i hovudsak i form av datakafeen vår.

Aldersgruppe: 55 til 200 år

Arna Frivilligsentral / Seniornett Arna har eit tilbod for deg som er, eller trur du kan verta, interessert i data. 
Me har eit fast datatreff i lokala våre på torsdagar klokka 11-13. Innimellom håpar me å kunna ha temadagar og / eller invitera gjeste-føredragshaldarar til datakaféen.
Me kan, saman med nokre frivillige, hjelpa med enkle tekniske spørsmål eller rettleia i bruk av til dømes internett, Facebook, Youtube, nettbank, Helsenorge, e-post og tekstprogram. Ta med deg datamaskina, nettbrettet eller telefonen din og berre kom.
I tillegg til å vere eit lågterskel datatilbod er det ein sosial møtestad og det er ope for alle. 
Det vert servert kaffi/te og noko attåt.
Pris:
kr. 30 om ein er medlem i Seniornett
kr. 50 om ein ikkje er medlem

Velkommen på Datakafé
https://www.seniornett.no/lokalforening/arna/
https://www.facebook.com/SeniornettNorge


Ta gjerne kontakt med oss:

Arna Frivilligsentral
Peter Jebsensvei 19 (2.etg - over CoopPrix-butikken)
5265 Ytre Arna
Postboks 3, Ytre Arna
5889  Bergen

Tlf:   55 24 38 10
E-post: post@arna.frivilligsentral.no

2025 © Arna Frivilligsentral