Arna Senioruniversitet

Arna Senioruniversitet er ein ideell organisasjon, stifta av Arna Frivilligsentral i 2007. Etter mange år med Arna Frivilligsentral som sekretariat er dei i dag ein eigen organisasjon.

Arna senioruniversitet

Arna senioruniversitet er eit variert og spennande tilbod for engasjerte seniorar.

Mottoet er: «Ein møteplass for tanke og trivnad». Gjennom foredrag, kurs, gruppeverksemd og utflukter, skal medlemmene få høve til å setje seg inn i eit breitt utval av fag og emne.
Program og meir info finn de her: https://arna-senioruniversitet3.webnode.page

Foredraga blir haldne i Ljoshall i Ekravegen 43, som regel den fyrste tysdagen i månaden, frå kl. 11.00 til 13.00. 

Medlemsavgift i Arna senioruniversitet er per 01.01.2025 kroner 350,- i halvåret. Dette inkluderer foredrag og enkel servering.
Foredraga er opne for alle. For ikkje-medlemmer kostar kvart foredrag kroner 150,- .

Dei nyttar VIPPS: #618937 - Kontonummer: 3624.28.73739

2025 © Arna Frivilligsentral