Årsmelding 2019

 

Trykk på denne linken å få hele årsmeldingen i PDF formar:
Ã.rsmelding Arna Frivilligsentral 2019.pdf



Årsmelding

2019

❖ Styret

Styret har bestått av følgjande personar i meldingsåret:

Leiar Ingeborg Eliassen

Nestleiar Bjørn Myhren

Styremedlemmer Evelyn Fasteland

Harald Haugsvær

Bjørn Osland

Varamedlem: Ståle Nordøen

I tillegg til årsmøtet har det vore fire styremøte i 2019.

På Hordalandssamlinga på Solstrand deltok Ingeborg Eliassen og Kari Aakre Høgli. Eliassen trakk seg

som vararepresentant i styret for Frivillig Hordaland.

Nettverk Sentrum har hatt 3 samlingar. Åsane Frivilligsentral, Løvstakken Frivilligsentral, Magneten

Frivilligsentral, Landås Grønn frivilligsentral, Salem Nærmiljøsenter, Møllaren Frivilligsentral og

Kystkultursenteret høyrer til dette nettverket.

❖ Tilsette

Dagleg leiar er i permisjon og styret har arbeidsgjevaransvaret for Monica Nesse og Kari Aakre Høgli

som deler stillinga som dagleg leiar likt mellom seg. Arbeidsmiljøet ved sentralen vert vurdert til å vera

godt. På slutten av året har ei av dei tilsette vore sjukemeldt, først heilt og sidan delvis. Sjukemeldinga

skuldast ikkje utfordringar på arbeidsstaden.

❖ Tilskot

I 2019 vart Arna Frivilligsentral tildelt kr 565 000,- frå Bergen kommune.

❖ Trivselsreiser

I fjor vart det arrangert tre ulike trivselsreiser i samarbeid med Vitalreiser. Me hadde ein vår- og ein

hausttur til Lanzarote samt ein tur til Kypros på hausten. Til saman 113 reisande deltok og

tilbakemeldingane frå dei reisande har vore svært gode. 8 reiseleiarar sytte for god oppfølging og

populære aktivitetar som morgonturar, boccia, quiz og BINGO.

❖ Profilering

Ansette og medlemmar frå styret var på familiedag i Espeland fangeleir i juni og seinare på sommaren

hadde me ein stand på Øyrane Torg. Der fekk me presentert oss og samstundes verva me fleire nye

frivillige.

❖ Arna Senioruniversitet

Frivilligsentralen fungerer som Arna Senioruniversitetet sitt sekretariat og kasserar.

Totalt 1081 menneske deltok på aktivitetar i regi av ASU i 2019.

❖ Datakafe for seniorar

Det har ikkje vore halde kurs ved sentralen i 2019. Totalt 361 gjestar har vore på datakafeen vår i

2019, og dette talet er stabilt i høve året før. Dagleg leiar administrer og 3 frivillige tar hand om

Datakafeen.

❖ Køyring av eldre til Arna Seniorsenter

Kvar tysdag og torsdag (med unntak av når det er skuleferie) står frivillige for henting og bringing av eldre som treng skyss for å delta på samlingane i regi av seniorsenteret. 7 av 9 faste sjåførar byter på denne køyringa.

❖ Utkjøring av middagar til heimebuande eldre

I tillegg til at sentralen står for transport av brukarar til seniorsenteret, så har me mange frivillige som deler på å bringa mat heim til dei som får maten tilkøyrt. I 2019 var det distribuert 994 middagar rundt til heimane. Her er det 9 frivillige som køyrer med eigen bil på omgang.

❖ Kjøring av eldre til Arna Sanitetsforening sine treff

Me står for henting og bringing av 8-10 sanitetskvinner til dei månadlege treffa i regi av Ytre Arna Sanitetsforening.

❖ Samarbeid med Arna Helseheim

I meldingsåret har me bidratt med transport på turar for enkeltgruppe av bebuarar ved helseheimen, samt bistått med følgje av bebuarar til lege, tannlege, kontrollar på sjukehus o.l. I 2019 har me registrert 39 slike følgjer. I tillegg vert det frå tid til anna avtalt direkte mellom brukar og frivillig.

❖ «Aktiv til 100»

I fjor inngjekk me eit samarbeid med Den Norske Turistforening Hordaland om eit turkonsept «Aktiv til 100» i Arna. Dette er ekstra rolege turar der frivillige frå sentralen vår fungerer som lokalkjende turvenner og sørgjer for å tilpassa turane etter ver, føre og deltakarane sin form. Det sosiale fellesskapet vert vektlagt på desse turane. Me går kvar onsdag kl. 11 langs Storelva i Indre Arna. Talet på turgåarar er ganske stabilt og i snitt har det vore 11-12 deltakarar på kvar tur. Totalt har det vore 460 deltakarar og 74 turvener fordelt på 40 turar (tal frå Turlaget). 7 frivillige har vore turvener, to på kvar tur.

❖ Leksehjelp

Arna Frivilligsentral har bidrege med to frivillige slik at Garnes ungdomsskule gje elevane tilbod om leksehjelp. Tilbodet gjeld for 8. – 10. klasse, første halvår to dagar i veka og i andre halvår vart dette redusert til ein dag i veka. Me har god dialog med skulen og erfaringane har vore svært gode. Til tross for reduksjonen har oppmøte frå elevane auka og ordninga vert vidareført i 2020.

❖ Jubileums-/frivilligfest og utdeling av Frivilligprisen 2019. I november 2019 feira me Arna Frivilligsentral sitt 20 års-jubileum. Samstundes takka me dei frivillige for deira innsats og børsta me støv av tradisjonen med å dela ut Frivilligprisen. Den gjekk til Inge Olsen.

Feiringa gjekk føre seg i Espeland Fangeleir med presentasjon, talar, mat og flott underhaldning. Om lag 50 inviterte gjester deltok. Me fekk økonomisk tilskot til festen frå Bergen kommune, Rotary, OH Betong og K J Brusdal AS. Og me fekk pengegåver frå Karl Johan Brusdal og Arna Senioruniversitet.

❖ Arna Kulturråd I haust vart Arna Frivilligsentral medlem i det nye kulturrådet i Arna.

Av andre aktivitetar og tilbod nemner me:

❖ Følgjeteneste til lege, kontrollar ved sjukehus o.l. for heimebuande eldre.

❖ Handlekjøring for heimebuande eldre i Ytre Arna og i Utløbakken. I Ytre Arna har me kvar veke 4-5 frivillige som bidreg til at i snitt 8 personar får varene heim. Totalt 379 personar i 2019. Annankvar tysdag hentar vår sjåfør, som allereie køyrer til og frå Seniorsenteret, heimebuande i Utløbakken og køyrer tur-retur Øyrane Torg. Her deltok 48 personar i 2019.

❖ Besøksvenner

❖ Sjølvhjelpsaktivitet

❖ Bistand til andre lag og organisasjonar

❖ Natteravngrupper. Samarbeid med Garnes Ungdomsskule og FAU ved skulen. Ei gruppe for Indre Arna og ei i Ytre Arna. Totalt 340 Natteramnar i 2019, 170 føresette og frivillige har vore kalla i to omgongar kvar.

❖ Praktisk bistand i heim og hage

❖ Tilbod om strøsand

❖ Samarbeid med Arna Aktiv

❖ Samarbeid med kulturkontoret

❖ Samarbeid med Hjartebanken

❖ Samarbeid med Garnes ungdomsskule i faget «Innsats for andre». 3 elevar på datakafeen første halvår.

❖ Samtalepartnar for folk som av ulik årsaker kjem innom Frivilligsentralen for ein prat.

Når det er hensiktsmessig så formidlar me frivillige til andre organisasjonar i bydelen vår.

Kvar måndag samlast «Maledamene» i lokala våre, samt at dei frå tid til anna har malekurs for gruppa.

❖ Sluttord

Den frivillige innsatsen er sjølve ryggrada i Arna Frivilligsentral. Me vil retta ein stor takk til alle dei frivillige som på ein eller annan måte har brukt av tida si for å gje folk i Arna ein betre kvardag! I tillegg til dei tidlegare nemde 170 natteramnene hadde me 62 frivillige på lista vår i 2019, nokre i faste og nokre i sporadiske oppdrag.

Arna, 22.april 2020

Ingeborg Eliassen            Kari Aakre Høgli              Monica Nesse

Styreleiar                           Dagleg leiar                      Dagleg leiar

2020 © Arna Frivilligsentral