Årsmelding 2025

Årsmelding 2025




 

  • Styret

Styret har bestått av følgjande  personar i meldingsåret:


Leiar                           Ståle Nordøen

Nestleiar                      Grethe Espevoll 

Styremedlemmer        Roar Fanebust, Bjørn Osland og Jan Kåre Jakobsen                         
       

Det har vore 2 styremøte, eit ordinært årsmøte og to ekstraordinære årsmøte i løpet av 2025.


  • Tilsette

Monica Nesse og Kari Aakre deler den 100% stillinga som dagleg leiar likt mellom seg.
 Grunna sjukdom har også Grethe Espevoll vore inne som vikar ein lengre periode.


  • Flytting

      Etter kvart som andre planar for lokala våre i Peter Jebsens veg 19 dukka opp starta tilsette og styre ein

      prosess med å finna nye lokale. Det vart utarbeida ein plan og då me fekk positiv respons frå
       DNB eigedom om nye lokale på Øyrane Torg takka me ja til dette.

      Lokala passa godt for vår daglege drift og me kunne no tilby våre gjester to viktige ting som mangla i
       Ytre Arna; parkering og heis.
       Før flytting brukte styre, frivillige og tilsette tid til oppussing av dei nye lokala, pakking og i juli kunne 

      me flytta inn.

      Av ulike grunnar vart ikkje lokalet i Ytre Arna tømt før seinhaustes. Ei gruppe frå Arna Aktiv, saman 

      med representantar frå styret, hjelpte til med dette arbeidet. 


  • Kurs og konferanse

I mars deltok styret sin nestleiar og begge daglege leiarar på grunnkurs for daglege leiarar og styreleiarar i regi av Norges Frivilligsentraler i Oslo. 

Under Fagkonferansen 2025 “Hvor langt kan vi strekke strikken” i april, også i Oslo, deltok begge daglege leiarar.


I 2025 vart Arna Frivilligsentral tildelt kr 819 612,- i driftstilskot. 

Rekneskapen for 2026 er ført av Godt Regnskap. Årsrekneskapen er gjennomgått og revidert av vald frivillig revisor Ingeborg Eliassen, som ikkje har hatt merknader til rekneskapen. 


  • Trivselsreiser

To turar, begge over to veker og i samarbeid med Vitalreiser.
 Første turen gjekk til Lanzarote i april med 20 deltakarar og to reiseleiarar. Den andre turen gjekk til Kypros i oktober, her var det 29 deltakarar og tre reiseleiarar.
 Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei reisande, og dei ønskjer seg tilbake.

To av reiseleiarane som har vore med i ei årrekke ønskjer no å overlata plassane til andre.   

Diverre slutta Vitalreiser med turar til Lanzarote og har per no berre eitt reisemål att, nemleg Kypros


  • Dataopplæring for seniorar  

Totalt 225 gjestar og frivillige har vore på datakafeen vår i meldingsåret. Det er 1-2 frivillige som hjelper til når kafeen er open. Me kan ha behov for å rekruttera fleire frivillige som kan drifta kafeen.

Men ved å endra dag for aktiviteten frå torsdag til tysdag har det passa og fungert betre.

Dette har ikkje hatt ikkje stor betydning for besøkstala. 

Fokus på fleire av samlingane har vore på korleis me kan unngå svindel på nett. 

Me søkte, og mottok seint i 2024, midlar til opplæring i dette temaet via Norges Frivilligsenraler. 

I januar kom Kine Klokkersund fra Balder Betaling, eigd av 19 norske sparebanker, og heldt eit foredrag om korleis du sjølv kan beskytta deg mot svindel på nett. Ho stilte opp gratis og denne kvelden møtte om lag 20 personar


  • Strikketreff  

22. september starta frivilligsentralen opp med strikketreff kvar måndag mellom kl. 11-13. Det vart raskt populært og 12-14 personar har deltatt på dette sosiale treffet kvar veke i løpet av hausthalvåret. 


  • Kjøring av eldre til Arna Seniorsenter  

Kvar tysdag og torsdag (når det ikkje er skuleferie) står frivillige for henting og bringing av eldre som har behov for skyss til Arna Seniorsenter. Til dette nyttar dei frivilligsentralen sin bil og i 2025 har om lag 600 personar reist tur/retur mellom heimen og seniorsenteret.


  • Utkjøring av middagar frå Arna Seniorsenter til heimebuande eldre

I 2025 leverte frivillige sjåførar ut 1066 middagar til heimebuande eldre rundt omkring i heile Arna.


  • Kjøring av eldre til Ytre Arna Sanitetsforening sine treff

Sjåførane våre har også i meldingsåret stått for henting og bringing av deltakarar til treff i regi av Ytre Arna Sanitetsforening.  


  • Kjøring av deltakarar frå Arna til Aktivitetssenteret psykisk helse Bergen nord

I 2025 kjørte me deltakarar til og frå aktivitetssenteret 19 måndagar i løpet av året.  


I 2025 hadde me svært få førespurnader om følgje av heimebuande eldre til lege, tannlege eller timar på sjukehus. Me har formidla eit par oppdrag med hagearbeid til eldre og frivillige har stilt opp som besøks- og/eller turven.
 Me har og nokre frivillige som har vore besøksvenn over fleire år og som framleis er aktive.


  • «Aktiv til 100»

Frivilligsentralen samarbeider med DNT Hordaland om eit turkonsept «Aktiv til 100» i Arna. Dette er ekstra rolege turar der frivillige frå sentralen vår fungerer som turvenner og sørgjer for å tilpassa turane etter ver, føre og deltakarane sin form. Det sosiale fellesskapet vert vektlagt på desse turane. Me går  onsdagar kl. 11 langs Storelva i Indre Arna. I 2025 var det totalt 367 deltakarar som deltok på turane våre i løpet av året. Vanlegvis møter to turvenner frå frivilligsentralen på kvar tur. 


  • Leksehjelp 

I første halvår hadde me to frivillige som har bidrog til at Garnes ungdomsskule kunne tilby leksehjelp til elevane sine. Det har varierer litt kor mange elevar som nyttar seg av tilbodet, difor starta ikkje skulen opp att med tilbodet etter sommarferien. Dei frivillige har gjort ein flott innsats som leksehjelparar. 

  • Bilen

Bilen vår, ein Mercedes Sprinter 2017-modell, har i meldingsåret vore ein del på verkstad. Dette har ført med seg ein god del høgare kostnader enn forvente, men skal no vere i god stand.


  • Handlekøyring for heimebuande eldre 

Frivillige hjelper til for at eldre eller rørslehemma får handla daglegvarer i Ytre Arna om fredagane. Ein fredag i månaden køyrer dei i staden til Øyrane Torg. Totalt 169 personar nytta seg av tilbodet i 2025. Annankvar tysdag i skuleåret køyrer me heimebuande frå Utløbakken for handling på Øyrane Torg. Her deltok 24 personar i meldingsåret. Også denne køyringa vert utført ved hjelp av frivilligsentralen sin bil. 

Oppstartsmøtet for natteramnane blei gjennomført på vårparten, med gjennomgang av regelverk, vaktplanar og praktiske avtalar. Peppes på Øyrane Torg er fast oppmøtestad og tilbyr enkel servering, og Skyss gir gratis kollektivreiser for natteramnar med vest. Me har samarbeidd med MC‑ramnane og natteramngruppa i Åsane, og ein søknad om lokale midlar fekk dessverre avslag.

Det har vore tett samarbeid med FAU ved Garnes ungdomsskule, Politiet, Utekontakten og frivillig Rune Næss, som har vore ein sentral pådrivar. 

Arna er ein roleg bydel, og rutene er derfor utvida til å følgje ungdom kollektivt til aktivitetar utanfor bydelen, mellom anna Open Hall i Åsane. Me gjennomførte òg ein ettermiddag med promotering ved Arna stasjon. Spond har vore brukt til informasjon, vaktfordeling og lagring av retningslinjer og teieplikterklæring.

Totalt deltok 45 natteramnar fordelt på 11 vakter i 2025, og me har no 62 registrerte frivillige her.


Av andre aktivitetar og tilbod nemner me:


  • Bistand til andre lag og organisasjonar 
  • Praktisk bistand i heim og hage
  • Samarbeid med Arna Aktiv
  • Samarbeid med kulturkontoret
  • Samarbeid med Hjartebanken
  • Samtalepartnar for folk som av ulik årsaker kjem innom frivilligsentralen for ein prat.


Når det er hensiktsmessig, så formidlar me frivillige til andre organisasjonar i bydelen vår. 


Sluttord

I meldingsåret hadde me 111 frivillige på lista vår i faste og sporadiske oppdrag, inkludert dei over nemnde 62 natteramnane.

Frivillig innsats er hjartet i arbeidet vårt. Me vil takka kvar ein frivillig for varme, pågangsmot og vilje til å stilla opp for andre. Saman skapar me fellesskap og tryggleik i bydelen vår



Indre Arna, 29.04.2026


 
 

Ståle Nordøen            Grethe Espevoll          Roar Fanebust             Bjørn Osland      Jan Kåre Jakobsen  

styreleiar                     nestleiar                      styremedlem               styremedlem       styremedlem




Kari Aakre                  Monica Nesse

Dagleg leiar                Dagleg Leiar


2026 © Arna Frivilligsentral