-
Om
Litt om Arna Frivilligsentral og noko av det me driv med
Om
Litt om Arna Frivilligsentral og noko av det me driv med- Tilsette
Sidan hausten 2015 har me hatt to daglege leiarar tilsett i 50% kvar. Frå 2026 auka stillingsstorleiken med 5%, avsett til styrearbeid.
- Leksehjelp
Sidan 2018 har Arna Frivilligsentral har bidrege med frivillige slik at Garnes ungdomsskule har kunna ha eit tilbod om leksehjelp. Tilbodet gjeld for 8. – 10. klasse og vert gitt over to økter kvar veke. Nett no er tilbodet satt på hald, men me er klare når skulen måtte ynskja å starta opp att.
- Trivselsreiser
I ei årrekkje har me arrangert trivselsreiser i samarbeid med Vitalreiser. Om lag 100 reisande (inkl. frivillige) deltek kvart år, og tilbakemeldingane frå dei reisande har vore svært gode. I eit normalt år har me tre turar, ein vårtur og to om hausten.
Me ser at mange av dei reisande er personar som av helsemessige årsaker ikkje kan reisa på eiga hand, og mange av desse profiterar både helsemessig og sosialt på at desse turane vert tilrettelagde for denne gruppa.
- Køyring av eldre til Arna Seniorsenter med bilen vår
Kvar tysdag og torsdag (med unntak av når det er skuleferie) står frivillige for henting og bringing av eldre som treng skyss for å delta på samlingane i regi av seniorsenteret.
- Utkøyring av middagar til heimebuande eldre
I tillegg til at sentralen står for transport av brukarar til seniorsenteret, så har me mange frivillige som køyrer eigen bil og deler på å bringa mat heim til dei som ynskjer dette.
- Køyring av eldre til Arna Sanitetsforening sine treff med bilen vår
Me står for henting og bringing av eldre til dei månadlege treffa i regi av Ytre Arna Sanitetsforening.
- Samarbeid med Arna Helseheim
Me bidreg med transport med bilen vår på ulike trivselsaktivitetar for enkeltgruppe av bebuarar ved helseheimen (OL for eldre, tur til Arboretet m.m.).
I tillegg har me hatt følgjetjeneste for bebuarar til lege, tannlege, kontrollar på sjukehus o.l.
- Samarbeid med Arna Heimesjukepleie og dagsentra i Utløbakken og Alf Bondes veg
Følgjetjeneste for heimebuande til lege, tannlege, kontrollar på sjukehus o.l.
- «Aktiv til 100»
I 2018 inngjekk me eit samarbeid med Den Norske Turistforening Hordaland om eit turkonsept «Aktiv til 100» i Arna. Dette er ekstra rolege turar der frivillige frå sentralen vår fungerer som lokalkjende turvenner og sørgjer for å tilpassa turane etter ver, føre og deltakarane sin form. Det sosiale fellesskapet vert vektlagt på desse turane. Me går kvar onsdag kl. 11 langs Storelva i Indre Arna.
- Natteravngruppe.
- Datakafe på tysdagar
- Følgjeteneste til lege, kontrollar ved sjukehus o.l. for heimebuande eldre.
- Handlekøyring for heimebuande eldre i Ytre Arna og frå Utløbakken i Indre Arna
- Besøksvenner
- Sjølvhjelpsaktivitet
- Bistand til andre lag og organisasjonar
- Praktisk bistand i heim og hage for dei som har behov - i samarbeid med Arna Aktiv
- Køyring til Aktivitetssenteret Psykisk Helse avd. nord, tur-retur Arna / Åsane to måndagar i månaden
- Samarbeid med kulturkontoret
- Samarbeid med Hjartebanken
- Samtalepartnar for folk som av ulike årsaker kjem innom Frivilligsentralen for ein prat.
- Strikketreff på måndagar
Når det er hensiktsmessig så formidlar me frivillige også til andre organisasjonar i Arna.